Feira ny tunnel med "Strynefjellskake"

Måndag feira Nordfjordrådet Stortinget si støtte til ny tunnel på rv 15 Strynefjellet med «Strynefjellskake».

Feira med "Strynefjellskake": Frå venstre: Ola Teigen (ordførar Kinn), Per Jarle Myklebust (varaordførar Gloppen), Per Kjøllesdal (ordførar Stryn og nestleiar i Nordfjordrådet) og Alfred Bjørlo (ordførar Stad og leiar i Nordfjordrådet).   Foto: Privat

New Articles

– Vi er utruleg glade og letta over at eit samla Storting slår fast at det skal byggast ny lang tunnel på Strynefjellet, og at bygginga skal starte i første del av NTP-perioden (2022-2027). Dette betyr ein tryggare kvardag for alle som har vegen som arbeidsplass, betre rammevilkår for næringslivet – og det har enormt mykje å seie for vidare vekst, utvikling og optimisme i Nordfjord, så vel som på Sunnmøre og regionane aust for fjellet, seier leiar i Nordfjordrådet, Alfred Bjørlo, i ei pressemelding.

– Nordfjord har stått samla i kampen for Strynefjellet i ny Nasjonal Transportplan. Det har blitt lagt merke til, og vore med å skape det nødvendige trykket i saka til at eit samla Storting no støttar vår sak i innstillinga frå Transportkomiteen til Nasjonal Transportplan 2022–2033. Nordfjordrådet vil takke alle som har bidrege i kampen så langt – ikkje minst næringslivet og alle andre eldsjeler som har mobilisert og skapt eit «grasrotopprør» for ein sikker heilårsveg mellom aust og vest over Strynefjellet, seier Alfred Bjørlo.

Nordfjordrådet feira Stortinget si støtte til ny tunnel på rv 15 Strynefjellet med «Strynefjellskake».  Foto: Privat