Fordelte 785.000 kr til lokale turismetiltak

Formannskapet i Stryn fordelte torsdag 785.000 kroner til sju ulike turismetiltak. I tillegg har dei sett av 200.000 kr til uføresette ting.

Tilskot til skilting: Kontaktutvalet for Olden og Oldedalen får blant anna 15.000 kr til skilting av sjåverdige bygg i Olden. Saga ved Laukjifossen er ein av stadane ein ønskjer å skilte.  

New Articles

Kommunestyret løyvde tidlegare i vår 1.000.000 til lokale turismetiltak i regi av lokale lag, organisasjonar og bedrifter. I vedtaket heiter det at midlane skal brukast til mellom anna å etablere eller utvide offentlege toalettordningar, eller andre tiltak knytt til handtering av turismen. Summen per tilskot skal helst ikkje overskride 200.000,-.