Politiet etterlyser vitne:

Innbrot i bustad i Stryn

Illustrasjonsfoto  Foto: Bengt Flaten

New Articles

Politiet etterlyser vitne etter innbot i ein bustad i Stryn sentrum natt til torsdag.

- Uvedkomande har teke seg inn i huset ved å knuse ei glasrute. Der har dei stole ulike flasker med alkohol. Dei tok og med seg ein sekk tomflasker, seier politioverbetjent Vidar Stavik

Det var ikkje folk heime då innbrotet skjedde. Politiet ber om tips frå folk som kan ha observert noko mistenkeleg frå onsdag kveld til torsdag morgon.