Hilde Lødøen:

Takka av etter 37 år i Stryn kommune

- Eg har aldri grua meg for å gå på jobb for Stryn kommune, sa den konstituerte og avtroppande kommunedirektøren, Hilde Lødøen.

Takka av: Under kommunestyret torsdag vart det ei lita markering rundt Hilde Lødøen sin avgang etter 40 år i arbeidslivet der 37 av dei har vore i Stryn kommune  Foto: Roger Oldeide

New Articles

Lødøen vart takka av for lang og tru teneste for Stryn kommune under ei pause i kommunestyret torsdag. Etter at ho fekk overrekt blomar frå ordførar Per Kjøllesdal takka ho for samarbeidet mellom politikarar og kommuneadministrasjon som ho omtala som utruleg viktig, lærerikt og spennande å vere ein del av.