Fylte hagen med song og dans

Omsorgssenteret: Fleire hundre born var samla i hagen ved Stryn omsorgssenter fredag føremiddag for å framføre song og dans for bebuarane. 

New Articles

Fredag føremiddag fylte hundrevis av born den store hagen ved Stryn omsorgssenter. Elevar ved Tonning skule og Tonning barnehage hadde øvd inn "Bli-med-dansen" og "Stopp, ikke mobb", og frå vindauga kunne bebuarar og tilsette glede seg over kraftfull song og flott dans frå dei mange hundre borna.

Heldt varmen: Det var nok greit at det høyrde litt dansing med, slik at born og lærarar heldt seg varme i det noko sure haustvêret. 

Leia an: Nokre av ungane stod vendt mot resten av gruppa og leia an i dansen. 

- Ungane har øvd på dette og det er kjekt å få vise det fram og kunne kome her og glede dei som bur ved omsorgssenteret, seier lærar ved 3. trinn, Johann Sigurdsson. Han overlet til borna å ta seg av songen og dansen, noko dei gjorde med bravour i det småruskete haustvêret.

"Stopp, ikke mobb": Kraftfullt og med tydelege rørsler slo ungane fast at ein ikkje skal mobbe. Flott song og viktig bodskap!