Ingen finaleomgang for Fannemel i comebacket

Ingen finaleomgang: Anders Fannemel gjorde laurdag comeback i verdscupen, to og eit halvt år etter at eit fall i Wisla i Polen øydela kneet. Dessverre måtte Fannemel nøye seg med berre første omgang i hoppbakken i Nizhny Tagil i Russland.  Foto: Dominik Formela

New Articles

Anders Fannemel kvalifiserte seg fredag til sesongopninga i russiske Nizhny Tagil. Dette var også hans comeback i verdscupen etter ein langvarig kneskade.

Men i konkurransen laurdag vart det med berre eitt hopp for honndølen. Han fekk opp ei lengde på 117,5 meter, men det heldt berre til 36. plass blant dei 50 hopparane.

Kun dei 30 beste får hoppe andre omgang, og Fannemel var 2,5 poeng bak den siste plassen i finaleomgangen. Såleis vart det heller ikkje verdscuppoeng i comebacket.