16-åring vann Strynemila

16 år gamle Erlend Bakken i fin flyt inn mot ein solid siger.   Foto: Gunnhild Sindre

New Articles

16-år gamle Erlend Bakken frå idrettslaget Veten vann årets utgåve av Strynemila. Dette er i følgje speaker truleg den yngste vinnaren av løpet gjennom tidene. Bakken sprang dei 9,8 kilometerane på tida 37,11.

Gaute Bø, Markane (17) tok teten ut frå start, og tok også den innlagde spurtprisen halvvegs i løpet. Han var nummer to i mål på tida 38,42.

I dameklassen sprang Hilde Konstali-Lødemel i einsam majestet, men med femte beste tid totalt (47,13) viste ho at ho nok også hadde gjeve eventuelle konkurrentar kamp.