I kø for knebukser - igjen

New Articles

Det nærmar seg Oktoberfest i Stryn igjen, og i går kveld opna det som i følgje arrangørane er landets einaste spesialbutikk for läderhosen og bondepikedrakter. Butikken vert driven av Stryn Ping Pong Club, som også står bak sjølve oktoberfesten.

Og sjølv om ein skulle tru at marknaden for läderhosen og bondepikedrakter etter kvart var metta, stod det mellom 150 og 200 menneske i kø for å delta i opninga i går kveld. Arrangørane serverte grillpølser og heimelaga ripssaft i tillegg til obligatorisk ompamusikk.