Stryn er i feststemning

New Articles

Stryn er i feststemning - Oktoberfeststemning. Medan siste hand på verket vert lagt på festplassen med telt og boder, har mange ikledd seg bondepikedrakt og knebukser som jobbantrekk i høve dagen.

- Det er den eine dagen i året du har lov til å kle deg ut på jobb, så det er klart vi må ha det litt moro, seier May Britt Andersen ved Stryn Sko.

I kveld brakar det laus med mat, drikke og levande musikk i telta til Oktoberfest Stryn, og dei første tilreisande gjestene er for lengst på plass i bygda.