Heldt avskjedskonsert - då fekk dei pengegåve

Tor Heine frå Stryn, Arild Halse, Øyvind Lied og Jostein Bjørndal er glad for støtte frå SPPC til Merkesteinane men er lei seg for manglande støtte elles.  Foto: Anne-Mari Aalberg

Svein Olav Solum og Kim Rune Flo frå SPPC ventar for å overraske Merkesteinane med 10.000 kroner. I bakgrunnen er dei på scena med sin avskjedskonsert.  Foto: Anne-Mari Aalberg

New Articles

Gruppa Merkesteinane, som  har blitt landskjende gjennom dokumentarfilmen "It´s hard to be a Rock`n Roller", CD-utgjeving, mange speleoppdrag og musikkvideoar, skulle under Oktoberfest i Stryn halde avskjedskonsert.

Dei slit med økonomi, og primus motor Øyvind Lied seier det er lite støtte å hente både offentleg og privat.

Merkesteinane vart stifta i 1993, og målet var å bruke musikk som terapi for dei med psykisk utviklingshemming i bagasjen. Tilbodet skulle stimulere til læring gjennom musikk og gje medlemmane betra livskvalitet. Initiativtakarane Øyvind Lied og Jostein Bjørndal har sjølv gjeve mykje, både menneskeleg og økonomisk, for å halde fram med tilbodet til medlemmane.

Men med konserten i Stryn skulle det vere slutt - til stor sorg for gruppa.

Kim Rune Flo frå Stryn Ping Pong Club (SPPC) overrekte 10.000 kroner til Merkesteinane etter konserten. Andre frå SPPC uttrykte skam over lite støtte til musikkgruppa og meinte SPPC måtte "finne på noko". Så kan hende vert det ei eller anna løysing slik at Merkesteinane kan halde fram med sine torsdagsmøte og konsertar.