Idar Aaboen kjøper sommarskisenteret

Idar Aaboen fekk tilslaget i bodrunden om Stryn sommarskisenter.  Foto: Emil Eriksson

New Articles

Idar Aaboen frå Skjåk er kjøparen av det konkursråka sommarskisenteret på Tystigen.

– Det stemmer. Eg fekk tilslaget på å kjøpe sommarskisenteret med servicebygg, heiser og installasjonar. Eg har med meg ein annan aktør, og vi kjem tilbake på eit seinare tidspunkt kven det er, seier Idar Aaboen til Fjordingen.

Han har mange års erfaring frå Tystigen og er ein av dei som kjenner anlegget best. Både reint teknisk og naturmessig. No ser han fram til å få sommarskisenteret opp å gå igjen etter fleire somrar på rad med marginale driftsforhold.

– No vonar vi å få tilbake nokre vintrar med godt gammaldags vestaver. Det gir skikkeleg med snø i fjellet og dermed betre vilkår for sommarski. Det hadde vore artig å sjå sommarskisenteret slik vi opplevde det på 90-talet. Både i form av snø og publikumsoppslutning, seier Aaboen.

Han seier at det vert sesongstart til våren, så tidleg det let seg gjere i forhold til ver og vegforhold. Men det vert utan bretrekk første sesongen. Bretrekket på Tystigen er øydelagt og har siste året ligge demontert på lager på Bismo.

- Vi klarer ikkje få opp noko bretrekk til komande sesong. Men eg er heilt klar på at det å få folk heilt opp er avgjerande for sommarskisenteret sin suksess. Vi vil jobbe med å vurdere alternative løysingar for brebassenget. I mellomtida vert det ein sesong med berre stolheis, seier Aaboen.

– Kva namn vil sommarskisenteret få med ny eigar frå Skjåk?

– Eg ser at Stryn er ein viktig del av namnet og identiteten for sommarski. Namnet er ikkje klart, men Stryn vil vere del av namnet, seier Aaboen.