Skriv ny roman frå Berlin - og Stryn

- Her i Berlin har eg gjort research og leita etter stader der handlinga kan føregå. Litt tilfeldig har eg hamna akkurat på riktig plass i Berlin, seier Henning Sørensen. Foto: Privat 

New Articles

Forfattar Henning Sørensen frå Stryn har dei siste vekene skrive på ein ny roman, der mykje av historia er lagt til Berlin i åra før andre verdskrigen. Kva er då meir naturleg enn å legge skriveprosessen til nettopp den tyske hovudstaden?

- Opphaldet i Berlin går mot slutten, og det ha vore nokre interessante veker, seier Henning Sørensen til Fjordingen. Forfattaren, til dagleg busett i Stavanger, kom i haust kom med oppvekstromanen Utveier med handling frå Stryn på 80-talet. Etter denne utgjevinga har han sett av eit år til å vere skrivande på heiltid.

- Stavanger kommune eig ei kunstnarleilegheit i Berlin. Denne vert tildelt profesjonelle kulturaktørar for opptil ein månad. Eg har hatt gleden av å bruke denne no i februar, seier Sørensen.

- Korleis har denne skriveperioden vore?

- Det har vore midt i blinken for det prosjektet eg har byrja på no. Det er ein roman med ei handling som går frå 1935 og utover. Romanen føregår i Berlin, Bergen og Stryn. Eg veit ikkje heilt om det blir ein kriminalroman, men har har element fra sjangeren, seier Sørensen, som tidlegare har hausta glimrande kritikkar for debutkrimmen Dommeren.

- I Berlin har eg gjort research og leita etter stader der handlinga kan føregå. Litt tilfeldig har eg hamna akkurat på riktig plass i Berlin. Stavanger kommune si leilegheit ligg i ei sidegate til Kurfyrstendam, og det var her det var naturleg å legge handlinga, seier Sørensen, som fortel at utagangspunktet for romanen er ein kusthandlar i Fasanenstrasse.

- I tida før nazistane tok makta var her eit velståande område, med eit utsvevande kunstnarliv og eit betydeleg jødisk innslag. Ikkje akkurat nazistane sitt favorittområde. Her byrjar historia om ein ung kunstnar frå Bergen, med røter i Stryn, seier Henning Sørensen. Han vedgår at han har bevega seg ut i ukjent farvatn med denne romanen.

- Til no har eg skrive om ting eg har greie på, og frå miljø eg kjenner. Eg kom ned her med ein sterk følelse av at eg hadde teke meg vatn over hovudet, men etter å ha vore her ei stund byrjar ting å falle på plass. Det har dessutan vore ganske interessant å vere i si eiga boble døgnet rundt. Ingen jobb eller familie som krev oppmerksomheit. Her har eg tenkt skriving 24/7, seier forfattaren, som no skal ta steget ut av «bobla» og set kursen heim mot Norge.