Delte ut 120.000 kr til lag og organisasjonar

Stryn Ping Pong Club, her frå musikalnummeret om kvar etterlatenskapane våre skal hamne i framtida, delte under revyen laurdag ut 120.000 kroner til lokale lag og organisasjonar.   Foto: Anne-Mari Aalberg

New Articles

Stryn Ping Pong Club baud ikkje berre på harselas, parodiar og moronummer under revyen sin laurdag.

Det var også tid for utdeling av SPPC-gåvemidlar.

- Mange set Ping Pong-klubben først og fremst i forbindelse med moro og festlegheiter. Men det er viktig å hugse på at klubben også er ein bidragsytar til dei lokale organisasjonane, sa ordførar Sven Flo, som var med og las opp kven som hadde fått tildelt pengar i denne omgangen.


Totalt var det kome inn 43 søknadar på til saman ca 1 million kroner. Det vart delt ut 120.000 kroner laurdag, Stryn Ping Pong Club stilte sjølve med 105.000 kr og hadde fått dei lokale bankane til å dele det resterande beløpet seg imellom.

Gåver til lokale lag og organisasjonar

4H-klubbar i Stryn kommune til arr. av fylkesleir: 5 000

Hornindal Raude Kross til oppstart barnegruppe: 5 000

Kreklingen Vel til leikeplass: 5 000

Organisasjonen MOT til MOT-camp: 5 000

Møtestad Fjelli til scenebygg: 5 000

Oppstryn ungdomslag til vassball: 5 000

Stryn Linedance til barnegruppe: 5 000

Tonning skule til nynorskprosjekt: 5 000

Indre Nordfjord Fjordhestlag til instruktørar/ kurs: 5 000

Markane IL/skiskyting til nytt gevær: 7 500

Temakveld om sjukdommen ME :7 500

Hornindal fritidsklubb til vasskatapult: 10 000

Olden IL til basketkorger: 10 000

Telegrafen til aktivitetar for ungdom: 10 000

Aktivitetsklubben Heimskringla til aktivitetar for born: 15 000

Stryn skulekorps til instrument: 15 000