Sjå kva som dukka opp av fjorden!

New Articles

Stine Åsebø frå Eid fekk seg ei overrasking på fødselsdagen nyleg. Opp av fjorden kom det nemleg ei spisskate, fortel nettstaden Hooked.no.

Måndag var ho og kjæresten André Røyset Rake saman med veneparet Kato André Bøe og May Liza Johansen på flyndrefiske i Strynebukta.

Dei er alle medlemmer av Nordfjord Havfiskeklubb.

 

Det var ein del fisk som beit på, både sandflyndre, kviting, hyse og knurr. Så hogg det skikkeleg til hos Stine, som er fersk i faget som sportsfiskar om dermed fekk seg litt av ei overrasking då den nesten 9 kg tunge spisskata dukka opp.

 

Ettersom ho fiska med flyndreutstyr berekna på vesentleg lettare fisk, vart det ein del kamp for å få skata opp i båten. Sjeldan fangst var det også:

Spisskat er ein djupvassfisk som nesten utelukkande vert teken på fleire hundre meters djupn. Dette gjer at ho er ein art ikkje veldig mange nordmenn har fått på stang. Det hender riktig nok at ho dukkar opp grunnare på utvalde stader, men jamnt over er det svært spesielt å få spisskate på 41 meters djupn, skriv Hooked.no.