Slik såg det ut då vegvesenet skulle opne gamlevegen

Fleire stader hadde den ferdig brøyta vegen blese att med nysnøen som kom søndag.  Foto: privat

Snø og blaut grus eignar seg dårleg for sommarturistar på biltur i høgfjellet.  Foto: privat

New Articles

Naturkreftene sette ein effektiv stoppar for opninga av Gamle Strynefjellsveg måndag. Vegen som var ferdig brøyta før helga og skulle tørke opp i løpet av helga, var på nytt dekt av snø fleire stader då entreprenøren kom på plass for å inspisere måndag.

- Ja, vegen hadde på nytt fått snødekke og andre stader var vegbana så blaut at det heller ikkje av den grunn gjekk an å køyre der, seier Ole Egil Hagen i Statens Vegvesen Oppland.

Bilda Fjordingen har fått tilsendt fortel om ein veg som slett ikkje var køyrbar 15. juni. I dag 17. juni er vegen framleis vinterstengd, med snødekke på det høgstliggjande området og blaut grus mange stader elles.