Presteskifte i Nordfjord

Prost Rolf Schanke Eikum saman med den nye prostipresten Henny Koppen, Carsten Mrusek og Sigurd Vengen på stiftsmøtet i Ulvik.   Foto: Magnar Haaland

New Articles

Søndag ettermiddag vert det ei større markering i Eid kyrkje med avskil for seniorprest/prostiprest Sigurd Vengen og sokneprest Carsten Mrusek og innsetting av ny prostiprest Henny Koppen, opplyser prost Rolf Schancke-Eikum.

Sigurd Vengen går over i pensjonisttilværet etter eit presteliv der han m.a. har vore akademilektor på Norsk Lærarakademi i Bergen, prost i Sunnfjord og Midthordeland og no dei siste 8 åra seniorprest og prostiprest i Nordfjord.

Lektor Henny Koppen har gått den tredje veg inn i prestetenesta. Med eit langt liv i skule og høgskule, fullførte ho praktisk teologisk seminar i Tromsø og vart ordinert til prostiprest i Nordfjord av biskop Halvor Nordhaug i ein alder av 60 år. No skal ho innsettast i denne tenesta, der ho tek over stafettpinnen etter Sigurd Vengen. Henny har tidlegare vore krinssekretær for KFUK-M i Nordfjord og er aktiv i kristen arbeid i Stryn og Nordfjord. Ho dirigerer fleire kor og er speidarleiar for eit blomstrande speidararbeid i Stryn.

- Ho har vore medlem i Bjørgvin bispedømeråd og har stilt villig opp som vikarorganist i prostiet. Så den nye prostipresten har med seg mykje erfaring inn i tenesta, seier prost Rolf Schancke-Eikum.

Prosten vil stå for innsettinga. Vereide kyrkjekor med dirigent Anders Rinde vert med.

Carsten Mrusek, tidlegare katolsk prest i Tyskland, kom som vikarprest til Vågsøy og fekk soknepreststilling i Eid. Med to små «nordfjordingar» reiser familien til Hardanger der Carsten skal starte opp som sokneprest i Jondal og Utne sokn.

Etter gudtenesta vert det kyrkjekaffi på Eid kyrkjetun, der det vert rom for helsingar og takk, opplyser prosten.