Stig Olav Lødemel (H) ordførar i Hornindal

Stig Olav Lødemel.  Foto: Harald Vartdal

New Articles

Fredag i 18-tida vart det klart at Stig Olav Lødemel (H) blir ny ordførar i Hornindal i perioden 2015-2019. Som varaordførar får han Randi Langlo (Ap).

- Avtalen som no er underteikna, går ut på at Høgre får ordføraren og Ap varaordføraren. Det er også klart at Ap vil få to representantar i formannskapet, opplyser Ap-leiar Bjørn Solum til Fjordingen.

Randi Langlo.  Foto: Harald Vartdal

 

Ap sat med jokeren i ordførarforhandllingane i Hornindal. Onsdag hadde dei møte Senterpartiet. Torsdag vart det forhandla med Høgre, og fredag ettermiddag fall avgjerda som betyr at Stig Olav Lødemel vert ordførar og Randi Langlo varaordførar.

- Vi skal ha nytt møte i veke 39 for å utarbeide ei konstruktiv plattform for samarbeid, fortel Bjørn Solum.

- Eg er glad og audmjuk for den tilliten som er synt meg, seier Stig Olav Lødemel, som på det konstituerande møtet 1. oktober vert vald til ordførar for den komande fireårsperioden.

Her er ordlyden i den forpliktande avtalen mellom Høgre og Arbeidarpartiet:

For den komande kommunestyreperioden (2015-2019) er vi einige om at Høgre skal ha ordførarvervet og Arbeiderpartiet vara-ordførarvervet. Stig Olav Lødemel (Høgre) blir ordførar, og Randi Langlo (Arbeiderpartiet) vert varaordførar. Vidare vil Arbeidarpartiet få 2 medlemmar i formannskapet, og Høgre 1 medlem. Partia tek sikte på å møtast i veke 39 for å legge ei konstruktiv plattform for samarbeidet den komande perioden.