Gravemaskina framme på Hoven

Gravemaskina er framme på Hoven. Det vert ein luftig arbeidsplass for dei som skal starte arbeidet med tomt for toppstasjon og restaurant 1.000 meter over havet.  Foto: Ole Dag Auflem

New Articles

Arbeidet med å byggje veg fram til Hoven går i høgt tempo. I helga var Ole Dag Auflem på tur til Hoven, der han kunne konstatere at gravemaskina var komen heilt fram til området for toppstasjonen.

- Det er rett at vi er framme med gravemaskin, seier dagleg leiar Richard Grov. Vegen fram til Hoven er køyrbar for maskiner og arbeidet med tomta vil starte opp om kort tid.

Gravemaskina står om lag på staden der toppstasjonen for pendelbana skal byggjast. Derifrå vil det bli bygd ei gangbru til venstre mot restaurantbygget.  Foto: Ole Dag Auflem

 

Gravemaskina står no om lag i området der toppstasjonen for pendelbana skal byggjast. Derifrå vil prosjektet byggjast ut med ei innebygd gangbru i glas fram til restauranten som vert bygd heilt ute på kanten, til venstre for toppstasjonen når ein kjem opp fjellet.