For alle som drøymer om å køyre legendariske Route 66 i USA vil Strynemessa ha ein godbit å by på i år: Der kan du møte Route 66-entusiasten Inge Botten frå Route 66 USA. Han besøkjer messa for første gong, og gler seg til å orientere nordfjordingane om gute- og jentedraumen Route 66.

Inge Botten, Route 66-entusiast, kjem til Strynemessa. Foto: route66usa.info

- Vi køyrde i fjor 26 turar på Route 66, med til saman ca 1500 deltakarar. Eit eventyr gjennom ørken, cowboy- og indianarlandskap, gjennom åtte statar og tre tidssoner, fortel Botten.

Turane inkluderer også eit besøk hos Moods of Norway, der alle deltakarane vert inviterte på vafler og champagne.

Vaffelbesøk: Route 66 USA samarbeider med Moods of Norway, og sender deltakarane sine innom på vaffel- og champagnebesøk. Foto: route66usa.info