Fredagstilbod for dei unge

Idrettsklubben i Vikane IL fekk 50.000 kroner frå Gjensidige-stiftelsen. No skal pengane nyttast til utstyr for å styrke fredagstilbodet.
New Articles

Idrettsklubben arrangerte fredag kveld den tredje samlinga. Basketball var hovudaktiviteten denne kvelden med Andreas Sødnaa og Edmundas Railis som instruktørar. I 2. etasje var det også positiv stemning med servering, spel og mykje moro. Tre foreldre styrer kvar gong med vaffelsteiking og servering. Fredag var det Grete Hilde, Oddhild Hilde og Adam Sitarz som hadde den jobben.

-Eit kjempebra tilbod der vi kan kome og gå mellom klokka 20 og 23 annakvar fredag, var dei unge sin dom over tiltaket.



Les meir i papirutgåva