Renskar fjellsida

  Foto: Bengt Flaten

New Articles

Arbeidet med rensking av fjellsida etter raset i Knarrura på fv 60 mellom Olden og Innvik pågår no for fullt. Betongrenovering AS frå Bjerkvik har jobben med å spyle fjellsida og ved hjelp av luftputer å prøve å få løfta opp og skubba ned den store steinblokka som ligg att etter raset. Dei to teama som er i arbeid er henta inn frå Flovegen og eit fjellrenskingsprosjekt i Naustdal.

Det er framleis usikkert når vegen opnar. Geolog Kristian Kjesbu frå Statens vegvesen er på staden og følgjer arbeidet, saman med entreprenørar frå E. Opedal & Sønner AS og frå Vinsrygg Maskin AS.