Utfor vegen i Utvik

New Articles

Ein tivolitrailer køyrde måndag ettermiddag utfor vegen i svingen med Urdabrunn ovanfor Utvik sentrum.

Dette førte til at fylkesveg 60 var stengd for større køyretøy i ein periode under bilberginga. Uhellet fann stad i halvfire- tida, og vegen vart opna for trafikk ein times tid seinare, melder Statens vegvesen.

Det er ingen meldingar om personskade, dette er ei rein utforkøyring, opplyser politiet.