Stryn kommune granskar E39-rapporten

New Articles

Stryn kommune går no grundig gjennom kvalitetssikringsrapporten som tilrår E39 via Stigedalen og Lote-Anda i staden for det indre alternativet. - Vi kjem til å jobbe målretta inn mot både departementa og Stortinget, seier ordførar Sven Flo.

Kvalitetssikringsrapportar, KS1, vert utarbeidd for alle statlege investeringar med totalkostnad over 750 millionar kroner.

I KS1-rapporten som vart lagt fram sist veke vert det tilrådd at E39 i framtida skal krysse Austefjorden med bru, gå via Stigedalen og bru Lote-Anda. Rapporten er utarbeidd av konsulentfirma Terramar AS og Oslo Economics AS på oppdrag av Finansdepartementet og Samferdsledepartementet.

KS1-rapporten går dermed imot tilrådinga frå Statens Vegvesen, som har tilrådd tunnel under Utvikfjellet og brukryssing ved Svarstad i Stryn.

- Vi er ikkje ferdige med å gå gjennom rapportmaterialet enno. Men vi konstaterer at det vert operert med to ulike grunnlag for tal og utrekningar i vegvesenet sin rapport og kvalitetssikringsrapporten. Statens Vegvesen har nytta eitt sett med vilkår, i kvalitetssikringsrapporten vert det nytta andre vilkår. Då er det uråd å samanlikne, seier Sven Flo.