Oktoberfesten i full gang

  Foto: Gunnhild Sindre

  Foto: Gunnhild Sindre

New Articles

Det er Oktoberfest for fulle muggar i Stryn.

- Fredag kveld var det 1400 personar i sirkusteltet. Til kvelden reknar vi med tusen til, om vi skal anslå utfrå fjorårsprognosane, seier "bartegeneral" Torstein Breivik.

Laurdag formiddag var det tettpakka av folk langs ruta då Oktoberfestparaden gjekk, med barte- og knebuksekledde karar, bondepiker ulike variantar, hest og kjerre, ompa-musikk på fele, trekkspel og messinginstrument.

- Kjempekjekt, seier ein av dei mange "bondepikene", Mariann Eik frå Ørsta.

- Vi er ein venninnegjeng som har teke turen for å få med oss Oktoberfesten. Uhøgtideleg og jordnær moro!