– Stamvegen må gå i indre

New Articles

- Stamvegen må gå indre linje, via Olden-Innvik og tunnel gjennom Utvikfjellet. For oss som kjem sørfrå er det den naturlege vegen å køyre allereie i dag, seier Atle Hamar, jølstring og tidlegare politisk rådgjevar i Samferdsledepartementet.

Hamar seier Kvivsvegen opnar nye perspektiv.

- Det er her stamvegen, E39, må gå i framtida. Eiksundsambandet var alt på plass, og no kom Kvivsvegen. Dermed har vi utan tvil fått den mest effektive transportkorridoren her, både når det gjeld nord-sør og aust-vest. Ser ein samanhengen vidare så er Olden-Innvik ferdig opprusta om få år. Då manglar det berre tunnel gjennom Utvikfjellet, så er det opplagt kvar vi som kjem frå sør kjem til å køyre, seier Atle Hamar, som legg til:

- Vi køyrer der allereie i dag, sjølv om vegen ikkje er ferdig opprusta. Så at dette bør bli den framtidige stamvegen, det står eg fast på.

Hamar legg til at både transportkorridor og framkomelegheit er viktig når ein diskuterer stamveg.

- Lausrive frå alt anna kan vi diskutere om det skal bli bru over fjorden. Det kan hende bru må kome ein gong i framtida. Men likevel kjem vi ikkje bort frå at når det gjeld framkomelegheit, så har vi alt eit ferjefritt alternativ. Det går gjennom Kviven og via Olden-Innvik, seier han.