Minister besøkjer Markane IL

Rulleskibana på Ullsheim. Dette er eit arkivbilete frå asfaltlegginga.  

Statsråd Liv Signe Navarsete besøkjer Ullsheim-anlegget i Markane i morgon. (Foto: Bengt Flaten) 

New Articles

Markane IL får i morgon besøk av statsråd Liv Signe Navarsete.

Markane IL ferdigstilte rulleskibana si i 2011, og dette anlegget er eit godt døme på både vel anvendt bruk av momskompensasjonsmidlane, trafikktrygging og frivillig arbeid. Liv Signe ynskjer å besøkje dei for å høyre meir om dette, seier politisk rådgjevar i kommunal- og regionaldepartementet, Laila Melkevoll.

På Ullsheim skal statsråden møte Eldbjørg Hatledal, leiar i Markane IL, og unge talent frå idrettslaget.