Sjetteplass til Isak Bergset

Isak Bergset.   Foto: Privat

New Articles

Orienteringsløparen Isak Bergset frå Fjelli repr. (NTNUI) sprang inn til to solide sjetteplassar under Pinseløpet i Kongsberg i helga.

- Eg er veldig fornøgd med løpet laurdag, seier Isak til Fjordingen.

- Eg følte o-teknikken sat ganske bra og eg fekk god flyt. Planen var å finne gode trasear som gjekk mest muleg rett. Altså blei kompasset viktig. Dette såg ut til å fungere ganske bra. Fysisk var det og godkjent. Resultatmessig kom eg 1,19 bak Anders Nordberg, som også vann vm-testløpet for to veker sidan, seier Bergset. Søndag vart det ein ny sjetteplass på Bergset. Han var ikkje heilt nøgd med denne, etter eit litt meir uryddig løp og «rusk i maskineriet».

Løpa i Kongsberg er for Isak Bergset i hovudsak oppkøyring til verdas største stafett, Jukola-stafetten, som går i Finland om ei veke.

- Der skal eg springe på førstelaget til NTNUI, som stiller med fem herrelag, fortel Isak.

Stafetten har opp mot 1.700 lag startande, med sju løparar på kvart lag.