Måndag vert tunnelen offisielt opna

Agjeldstunnelen er open for trafikk. Måndag er det klart for offisiell opning.  Foto: Inge Fænn

New Articles

Agjeldstunnelen på fv 60 mellom Olden og Innvik har vore open for trafikk nokre dagar. Måndag er det klart for offisiell opning. Då kjem fylkesordførar Åshild Kjelsnes for å kutte snora og erklære det nest siste delprosjektet av fv 60 Olden-Innvik for opent. Med Agjeldstunnelen på plass er Svarthola historie. Dermed er det all grunn til å rekne med betydeleg færre kollisjonar i åra som kjem. Svarthola har vore eitt dei mest ulukkesutsette punkta på fv 60 og har opp gjennom åra kosta mykje i form av materielle skader på bilar som har kollidert.

Spørsmålet mange stiller seg, er kva slags signal fylkesordføraren kjem med måndag i forhold til siste delstrekning som står att. Opprustinga av Olden-Innvik har framleis fem kilometer dårleg veg. Som følgje av lågare overføringar frå staten dei neste åra, har fylkesrådmannen tilrådd å ikkje gjennomføre siste delprosjekt. Tidlegare har fylkestinget lova å fullføre anlegget.