No skal det springast maraton her

Ordførar i Hornindal, Anne- Britt Øen Nygård, fylkesordførar Åshild Kjelsnes og seksjonsleiar i Statens vegvesen, Margot Aasebø under opninga av den gjenoppbygde Otterdalsvegen. No vert vegen arena for Hornindalsvatnet maraton.   Foto: Roy Aron Myklebust

New Articles

Otterdal i Hornindal vart landskjend etter at orkanen Dagmar hadde vekk vegen til den vesle bygda. Innbyggjarane i Otterdal vart veglause i 700 dagar, før gjenoppbygd veg med fast dekke og autovern vart opna.

No skal deltakarane i Hornindalsvatnet maraton få oppleve den nye vegstubben på nært hald.

- I hovudsak er det her den nye traseen for maratonløpet ligg. Både maraton, halvmaraton og 10 km vil gå her laurdag 26. juli, opplyser Inge Asbjørn Haugen frå arrangørlaget.

Maratonløpet skal starte på riksvegen vest for Hornindal sjuke- og aldersheim og følgje gang- og sykkelvegen til Hornindal Idrettspark. Etter dette skal løparane på heildistansen springe fire gongar tur/retur Otterdal, før dei spring i mål ved idrettsparken.

Grunnen til omlegginga er rasfaren ved Kjøsahammaren i den tidlegare traseen, forklarer Haugen.

Hornindalsvatnet maraton blir i år arangert for 23. gong.