UKM-festen snart i gang

Alle deltakarane i UKM frå Stryn og Hornindal samla til Pangstart sist helg. Laurdag er dei klare for UKM i Stryn kulturhus anten på eller bak scena eller med utstilling.  Foto: UKM

Sol Alme Brendefur og Truls Bakke Flåm, begge frå Hornindal, er konferansierar under UKM laurdag ettermiddag.  Foto: Privat

Kultur

Det er full aktivitet med mykje folk, lydprøver og førebuingar til UKM i kulturhuset laurdag 9. februar.

UKM-komiteen har i år ei sprelsk overrasking til alle som kjem: OSELIE frå Hennebygda skal syngje eit par songar etter at alle deltakarane er ferdige på scena.

Heile 99 deltakarar og konferansierane Sol Alme Brendefur og Truls Bakke Flåm gler seg no til det heile er i gang.

Kunstelevane i kulturskulen har hatt ansvaret for scenekunsten til UKM Stryn og Hornindal. Ungdomar er også med bak scena og som arrangør.

Nokre deltakarar får representere sin kommune på UKM-festivalen i Måløy 29.–31. mars. Utveljinga skjer på grunnlag av originalitet, kreativitet, publikumskontakt og kvalitet. Til saman skal deltakarane som blir sendt vidare spegle breidda i ungdomskulturen.

Arrangørane ønskjer alle velkomne til Ung Kultur Møtast.