Myklebustskipet døypt med kornøl

Kulturminister Trine Skei Grande fekk fram latter då ho undrast på kva skokken med kamera hos fotografabe ville seie om øldropar kom siglande. Til venste Sigmund Larsen som har brygga dåpsølet. Bak Larsen står ordførar Alfred Bjørlo og til høgre bak står dagleg leiar for Sagastad, Solveig Midtbø.   Foto: Anne-Mari Aalberg

Kultur

Kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande så det som ei ære å få døype kopien av Myklebustskipet, meir enn 1000 år etter at originalen sigla på Eidsfjorden.

I talen til regionen og folket fraheva ministeren tre H-ar. Historie, Handverk og Hav. Skei Grande sa også at dette vil vere med og heve kulturreiseliv som eit satsingsområde for heile landet, saman med andre reiselivsprodukt som finst innan opplevingar og natur.

Dermed er skipet døypt og 10. mai er det offisiell opning av Sagastad-senteret der Myklebustskipet skal vere hovudattraksjon for læring om historie og kultur.