Merkesteinane sette spor

Merkesteinane og Tor Heine Rosdahl song og spelte på familiedagen i Austefjordhelg laurdag.   Foto: Inge Fænn

Kultur

Merkesteinane sette spor etter seg under familiedagen i Austefjordhelga. Og dei var ikkje åleine. Unge kvedarar frå Hornindal song seg inn i hjarta til publikum, som hygga seg i sola.

-Vi skal synge og spele så det slær tilbake frå fjella i kring, sa Tor Heine Rosdahl frå scena, og publikum fekk det han lova.

Det var den niande Austefjordhelga med god deltaking frå begge sider av Kviven. Ope museum og opa kyrkje, fiskekonkurranse og ange av nysteikte vafler.

Ei skikkeleg  familiehelg både for fastbuande og utflytte austefjordingar.