Ventar mykje folk til familiedag på Nordfjord Folkemuseum

Onsdag 10. juli er det klart for den populære familiedagen ved Nordfjord folkemuseum med dåpbåt, hestekøyring, omvisning og mange andre aktivitetar. Her frå familiedagen i fjor.  Foto: Nordfjord Folkemuseum

Kultur

Tradisjonen tru er det klart for familiedag på museet. Onsdag 10. juli blir det båtdåp, køyring med hest, omvising på Holvikejekta og ei rekkje andre aktivitetar.

- Det brukar å kome mykje folk denne dagen og det håpar vi sjølvsagt at det gjer i år også. Denne gongen får vi seie at vatn er ein slags raud tråd gjennom dagen, då vi ynskjer å få synt fram korleis klesstampa fungerer i tillegg til båtdåp, omvising på jekta og høve til å lage sin eigen minibåt, seier formidlingleiar ved Nordfjord Folkemuseum, Eva Marie Felde, i ei pressemelding.

Båtdåp og fjordaktivitetar

Båtdåpen er eit samarbeid med Nordfjordbåtlaget, og eit ledd i prosjektet om å halde båtbyggartradisjonen til nordfjordbåten i live. I etterkant av dåpen blir det aktivitetar på fjorden i regi av Nordfjordbåtlaget. Det blir også omvising ved Holvikejekta, og ein av få sjansar i løpet av året til å studere den unike båten frå 1881.

Gjennom heile dagen kan ein lage båtar, bake potetkake, sitje på med hestekjerre og prøve andre aktivitetar. For museet er det også viktig å syne fram ulike delar av området på slike dagar.

- Det å få vist folk korleis stampa, som kjem frå Gjengedal i Hyen, fungerer i praksis er ekstra kjekt. Mange kjenner til kvernhusa og har ein viss kjennskap til korleis desse fungerer i praksis, medan stampa er ukjent for mange. I ein periode var stampene ein særs viktig del av tekstilproduksjonen, seier Felde.

Tre i ulike variantar

Museet legg denne sommaren og fram mot årsskifte også ekstra vekt på å formidle kunnskap om tre. Utstillinga «Alle gode ting av tre» kom opp i juni og presenterer fleire treslag og ulike teknikkar for omarbeiding av tre. I utstillinga syner ein også fram typiske, men kanskje også overraskande gjenstandar laga med tre som utgangspunkt.

- Tre som materiale er framleis viktig, men ikkje på langt nær så einerådande som det var ein periode. Likevel er tre ein særs viktig del i mange produkt som vi har kring oss. I ei tid der plastforsøpling får meir merksemd, ser ein at produkt av papir og liknande er på veg inn. Eingongsbestikk og sugerør av plast er på veg ut, medan sugerør av papp og tallerkar av bambus og anna gjenbruksmateriale blir tilgjengeleg, seier Felde.

Ho legg til at kombinasjonen mellom denne utstillinga og ein rusletur i friluftsmuseet, der ein ser både tre som skog og som materiale i byggverk, er optimal. Museet har også open på kafe på familiedagen.