"Tunnelen" får premiere til jul

Verkelege hendingar har inspirert filmregissør Pål Øie til å lage spenningsthrilleren "Tunnelen" som har premiere første juledag. Fllmen er blant anna spelt inn i strynefjellstunnelane, og Thorbjørn Harr har ei av hovudrollene.  Foto: Sjur Aarthun/Nordisk Film

Kultur

Pål Øie arbeider no med å gjere ferdig storfilmen «Tunnelen», som har premiere første juledag. Filmen er blant anna spelt inn i strynefjellstunnelane og ei rekkje lokale statistar er med.

Regissøren kallar filmen ein spenningsthriller inspirert av verkelege hendingar.

Kort fortalt handlar filmen om ein tankbil som køyrer i fjellveggen i ein ni kilometer lang tunnel. Bilen eksploderer, og folk er innesperra.

– Det er ein film på liv og død. I norsk samanheng har vi heldigvis ikkje opplevd så mange slike scenario, men det har vore mange tunnelbrannar, og rett og slett flaks at det ikkje har gått med liv, meiner Øie.

Han må sjølv gjennom mellom 50 og 60 små og store tunnelar når han skal køyre frå Bergen der han no bur, og til heimstaden Stranda på Sunnmøre. Under desse køyreturane har han ofte kjent på farane tunnelane representerer.

– Når eg køyrer gjennom desse tunnelane med familien min, tenkjer eg ofte på kva som kan skje dersom ulykka først er ute.

I den nye storfilmen blir kvardagsnær uro til eit verkeleg spenningsdrama som alt har vekt internasjonal interesse. Alt før tunnelfilmen er ferdig, er han seld til Tyskland, Kina og Korea. Produsenten Einar Loftesnes meiner den internasjonale interessa for filmen handlar om at «Tunnelen» er ein film der vanlege folk blir heltar.

(NPK)