Smekkfull kinosal for lokal tunnelfilm

Torbjørn Harr og resten av skodespelarane og lokale statistar trekte fullt hus på Stryn kino torsdag kveld, då Tunnelen hadde første visning der. 

Kultur

Under ein time før filmvisninga av Tunnelen på Stryn kino torsdag kveld, var det utselt for billettar. Fulle hus er sjeldan kost, så det var stor stas for kinoen i Stryn kulturhus.

- Det er sjølvsagt svært gledeleg! Vi ser at mykje blest og eit kanon-arrangement på Hoven i forkant, har gjort at folk har fått augene opp for Tunnelen. I går hadde vi faktisk to utselde kinovisningar, med smekkfullt for Frost 2 og, seier ein fornøgd kulturhusleiar Kåre Bruvoll Alme til Fjordingen.

Ein stappfull sal av lokale statistar, vener og slektningar av statistar og mange andre interesserte, fekk sjå det norske spenningsdramaet der mykje av handlinga føregår inne i Strynefjellstunnelane.

For dei som ikkje fekk tak i billett i går, blir det visning av Tunnelen minst fire gongar til framover.

Totalt 13.570 kinogjengarar i resten av landet løyste billett for å sjå premieren til Tunnelen 1. juledag. Med førpremierane hadde då om lag 19.000 personar sett filmen som Pål Øie og Einar Loftesnes spelte inn fleire stader i Sogn og Fjordane, skriv NRK Sogn og Fjordane.