Skal blåse opp ompastemninga

Ein energisk frontfigur og resten av Oslo Blåseorkester var på Oktoberfest for to år sidan, og kjem tilbake 18. og 19. september.  Foto: Roy Aron Myklebust

Kultur

Om tre veker vil lederhosen, sirkustelt og ompastemning nok ein gong dominere gatebildet i Stryn. Oslo Blåseorkester er blant banda som vender tilbake til Fagre Stryn og Oktoberfest 18. og 19. september.

På programmet i år står følgjande musikalske og kulturelle bidragsytarar: Oslo Blåseorkester, Kjell Kjellen Bigset, Husbandet, Daniel Engen & The Hugin Band, Holko og Hauge, Stryn Musikklag og Loveshack.

Dei skal sørge for god "stimmung" i det store sirkusteltet fredag og laurdag.