Lys og liv i ullvarefabrikken

Åshild Havåg Bergseth frå Eiksund på Sunnmøre stiller ut omlag 20 oljemåleri i galleri Plysen, i den gamle Ullvarefabrikken i Innvik, no i påska.
Kultur

- Lys. liv, luft. Det er det som er hovudtanken, seier kunstnaren Åshild Havåg Bergseth som er i ferd med å gjere klar til opning av kunstutstillinga.

Og det er verkeleg lys, liv og luft i oljemåleria henner der motiva spenner frå brusande hav til fjellheimen. Sterke greiner som lyfter seg mot himmelen går att i bilda, men bak greinene tonar landskapet.

- Eg har ein tanke om at folk skal gjere seg tankar, oppdage noko i naturen som dei ikkje har sett før, når dei ser på bilda mine, seier ho.

Havåg Bergseth har hatt fleire separatutstillingar både i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Ho er har utdanning mellom anna frå Kunstskulen i Førde og Statens handverks og kunstiindustriskule.

Kunstnaren har hatt skulestova som arbeidsplass. Ho har illustrert og laga framsider til barnebøker for Noregs Boklag, Samlaget og Norsk Barneblads Forlag, og ho har fleire utsmykkingar mellom anna i Florø kyrkje.

No er ho kunstnar på heiltid, og det ligg mange naturopplevingar i oljemåleria hennar.

Kunstnaren bor i Eiksund like ved der den nye tunnelen kjem ut i dagen. At valet fall på den gamle ullvarefabrikken denne gongen har fleire årsaker. Ho har slekt i Innvik og likte lokala når ho såg dei.

Ektemannen Magne som er arkitekt, har namnet frå «Larsane» på Bergset sjølv om dialekten fortel at vogga stod i Bergen. Med slekt både i Fjelli og Tistam er det nesten som å vere tilbake til røtene når han hjelper til med å få på plass bilda.