Populær kulturverkstad i Oldedalen

  Foto: Harald Vartdal

  Foto: Harald Vartdal

Kultur

Kvar onsdag samlast 15 born i alderen 6 - 13 år til kulturverkstad i Oldedalen skule. Med Linda Gytri som instruktør, lærer dei måling, teikning og folkedans.

- Det er stas å få til eit slikt opplegg i Oldedalen. Eg tykkjer det er spesielt kjekt at kulturskulen kan bidra til fellesskap i ei bygd som mista skulen sin, seier Linda Gytri og siterer Ola Bremnes: «Folk treng hus og hus treng folk».

Kulturverkstaden i Oldedalen skule starta opp 7. september. Første tema var måling. Deretter fekk deltakarane prøve seg på teikning etter motiv i bok. Før haustferien vart det også ei økt med dans (halling og reinlender).

Vi skal halde på fram med desse aktivitetane fram til jul. Målet er å lage til juleverkstad med utstilling av ting som borna har laga, servering av gløgg og julekaker. Å ha det kjekt, er veldig viktig, understrekar læraren.

- Korleis fekk du ideen til kulturverkstaden i Oldedalen?

Eg var innleigd i to år for å arbeide med «Den kulturelle skulesekken». Då slo tanken meg at det kunne vere artig å vidare-føre opplegget her oppe som ein del av tilbodet til Stryn kulturskule. Borna i dag har så mykje å vere med på at det blir meir enn nok farting. Eg meiner at til mindre stress, dess betre er det.

- Oldedalsmodellen kan vel nyttast i andre deler av kommunen?

Ja, eg har ellereie ei trekk-spelgruppe i Innvik og elevar i Loen utanom den faste undervisninga i Stryn. Etter mitt syn må det vere betre at eg t.d. køyrer til Innvik, enn at sju born frå Innvik skal reise til Stryn for å få undervisning. Eg meiner også at kulturverkstader rundt om i kommunen vil ha store positive ringverknader i lokalsamfunnet, seier Gytri.



Les meir i papirutgåva