Verdige vinnarar av kulturstipend

  Foto: Ove Sveen

Kultur

Forfattaren Rannveig Marit Mindresunde (27) og musikaren Georg Lipai (17) er heidra med kulturstipend, blomster og diplom av Stryn kommune. Kulturstipendet er på 6.000 kroner, og dei to vinnarane er klare på at dei ønskjer å arbeide med skriving og musikk også i framtida.

Rannveig Marit Mindresunde er oppvakse i Loen, men er no busett på Fosnes. I juni kom den første boka hennar «Glemte minner» ut på forlaget Norske Bøker, eit forlag som i hovudsak satsar på unge forfattarar. Boka vart lagt merke til, og Rannveig Marit har fått mange gode tilbakemeldingar.

Georg Lipai er etterkvart blitt godt kjend i det unge musikarmiljøet og blir med gitar og song særleg framheva som talent i populærmusikken. Han kvitterte for kulturstipendet ved å framføre julesongen «Himmel på jord».



Les meir i papirutgåva