Flott minneutstilling i Innvik

  Foto: Geir-Ståle Vatnamo

  Foto: Geir-Ståle Vatnamo

  Foto: Geir-Ståle Vatnamo

  Foto: Geir Ståle Vatnamo

Kultur

I påska var det opning av minneutstilling for Wald P. Skåden (1930-2011) i Gamle Innvik Ullvarefabrikk. Eit par hundre menneske var frammøtte på opninga. Om lag 70 maleri/ grafikk og akvarellar var utlånte frå privatpersonar i bygda i høve utstillinga.

Anne Karin Eriksen, leiar for stiftinga Gamle Innvik Ullvarefabrikk, ønskte velkommen. Mette Carlsen innleia med fiolinmusikk. Dag Vanberg fortalde historikken om Wald P. Skåden sitt liv og virke. I denne historia ligg også bakgrunnen for heile fabrikken, sidan bestefaren til Wald P. Skåden (med same namn), var den som starta opp fabrikken i 1890. Eit eventyr utan like.

Wald d.y. arbeidde på fabrikken heile sitt liv, som ein slags altmoglegmann. Her fekk han også bruke talentet sitt som designer. Fritida nytta han til å male. Han henta dei aller fleste motiva frå nærmiljøet i Innvik, frå fjord til bre. Maleria hans er kjenneteikna av at han mala mykje natur.

Utstillinga inneheld 69 arbeid, dei fleste oljemaleri, men også nokre få akvarellar og grafiske arbeid. Wald d.y. mala ein del tidleg på 50-talet, men mesteparten av produksjonen er frå 80- og 90-åra. Eit av dei betre maleria er frå Dragesetstøylen i Innvik.

- For nokre år sidan blei Wald P. Skåden spurt om å ha utstilling. Men han var ein beskjeden mann, og ønskte ikkje det. I Innvik har det vore tradisjon for å ha ei påskeutstilling, og då høvde det godt å ha ei minneutstilling dette året, sa initiativtakar Anne Karin Eriksen.

På opninga av minneutstillinga tok Erna Drageset imot heidersteiknet "Den gyldne spole" på vegner av sin avdøde bror. Unni Guddal står bak ideen og designet til heidersteiknet som er laga av Anders Verlo.

- Vi står i gjeld til Wald P. Skåden. Han var både vaktmeister og altmoglegmann. Wald P. Skåden var ein god og rettskaffen mann, vart det understreka på opninga.

Fleire lokale eldsjeler fekk fortent takk for jobben med å samle maleria som er utlånt til utstillinga.

På opninga var det også høve til å kjøpe kaker og kaffi, og det vart arrangert ei lita utlodding.