Du kjenner dei kanskje frå den svært populære NRK-serien Rådebank?

Country-rap bandet Hagle kom som eit skot ut frå indre Østfold på tampen av 2020. Låtane handlar om rånemiljøet og den lokale bygdekulturen der dei voks opp.

Hagle er ein duo samansett av André Jensen og Olav Tokerud. Karakteristisk for låtane deira er bruk av dialekt og beskrivelsen av livet på ein liten tettstad. Dei vann to Spellemannprisar i 2021.

Dei to første singlane til bandet vart plukka opp av Rådebank-skaparane og brukt i serien. På knappe to år nådde dei 100 millioner strøymingar av låtane og videoane sine, og Hagle har ikkje lagt skjul på at Rådebank hjelpte dei på vegen.

Under populære Allsang på grensen takka dei NRK-serien for suksessen.

Med den unike blandinga av banjo og rap og låtar som Bøgda, Kjerring ifra by’n (med Halva Priset), Ærbeskær, Ærmen i kærmen og Traktor har dei har vorte omfamna av heile landet, og no er det Stryn som får besøk av heftig country-rap.