Med ein trommestikke ikvar hand vert det mykje lyd. Måndagføremiddag entra ein spent Tore Lødøen frå Hornindal scena iTrondheim, under årets landsfinale i UKM (Ungdommens KulturMønstring).

Han spelte låta Dubstep av Skrillex, og fortel til Fjordingen etter opptredenen at det gjekk fint.

- Eg er godt nøgd, dette gjekk slik eg hadde planlagt. Seinare i dag vert det felles samling mellom alle deltakarane, medan landsfinalen vert avslutta med ei førestelling der deltakarane får vere publikum, fortel Lødøen.