Tone Damli syng under sjukehuskonserten i Operahuset Nordfjord 19. januar. Her som solist for Forsvarets Musikkorps Vestlandet i Stryn kulturhus. Foto: Sigrid Heggestad

- Arrangementet skal synleggjere unge, kreative krefter frå Sogn og Fjordane som representerer framtida. Håpet er at regjeringa let seg inspirere til å tenke kreativt, nytt og konstruktivt i sjukehussaka, seier primus motor Janne Endal Andersson frå Nordfjordeid.

Ho tok og initiativet til den lågmælte songmarkeringa i heile Nordfjord på Lucia- dagen. Michael og Kari Standal Pavelich står for regien av sjølve konserten i Operahuset Nordfjord neste onsdag.

Alle kommunane i Nordfjord er representert med kreative artistar, og i tillegg er Sogn representert med Tone Damli.

Mariann Thomassen frå Stryn stiller opp som konferansier. Odd Erik Lothe (Eid), Pink Robots (Selje), fiolinist Madelene Berg (Eid), Alexander Pavelich (Eid/ London), operatalentet Elisabeth Gimmestad (Gloppen), dansarane Ane Jørgine Frøyen & Anders Alvaro Nydal (Bremanger/Florø) og folkemusikar Britt Pernille Frøholm (Hornindal) opptrer på konserten. Lokale krefter frå Eid vil framføre protestsongen «By og land». Andre som stiller er næringslivsgründer Sindre Kvalheim frå Vågsøy, og Mads Gilbert med fagleg innspel via video-overføring.

Endal Andersson har invitert statsministeren, helseministeren og andre politikarar til støttekonserten.

Les meir i papirutgåva