Inngangsprosesjon: Høgtideleg inngangsprosesjon ved innsetjinga av Kaare Michael Christoffersen og Beate Nes til prestevikarteneste. Foto: Gunnhild Sindre

Prost Mari Saltkjel hadde teke med seg gripekorset som vart utdelt under bispevisitasen i Stryn i vår til innsetjingsgudstenesta.

– Eg tenkjer det er godt å ha med seg. Hugs å gripe fast ved det i tenesta som de går inn i, og som de alt har hatt ein del av. Grip fast ved det kallet Gud har gjeve dykk. Hugs at de er aldri åleine i tenesta, sa ho til dei to som skal gjere presteteneste i Olden, Innvik og Utvik.

Eller rettare sagt: Prestevikarteneste.

Gripekorset: Prost Mari Saltkjel hadde med seg helsing frå biskop Nordhaug. Ho hadde også med seg gripekorset ho fekk då biskopen var på visitas i Stryn. Foto: Gunnhild Sindre

Tenke strategisk og kreativt

– Det heiter vikar, men i praksis skal Beate Nes fungere som prest i Utvik?

– No skal vi prøve å ikkje rote det til, ler Mari Saltkjel.

– Eg skal prøve å forklare det så ryddig som mogeleg. Beate er og skal vere vår kateket, ein utruleg viktig ressurs for kyrkja. I tillegg skal ho vi så heldige at ho no skal få ha oppgåver som tradisjonelt høyrer presten til. Leie det kyrkjelydsbyggande arbeidet i Utvik sokn saman med soknerådet. Dei skal tenke strategisk og kreativt saman i åra framover.

– Det er særleg den soknerådsdelen som er veldig ny her, seier Beate Nes.

Ho skal også ha gudstenester.

– Gudstenester med dåp og nattverd kan ikkje kven som helst gå inn og ha. Men Beate kan det no, forklarer prosten.

Høgtideleg: Det var ei høgtideleg stund i Olden kyrkje, der prost Mari Saltkjel på vegner av biskop Halvor Nordhaug kunne gje fullmakt til Kaare M. Christoffersen og Beate Nes til å utføre deira prestevikartenester. Foto: Gunnhild Sindre

Framleis vere kateket

– Mogelegheita for å bli prest under utdanning er no open for Beate også. Men kateketane si rolle i det kyrkjelydsbyggande arbeidet er så viktig, så vi treng henne i den tenesta også.

– Så du har ikkje tenkt å bli prest, Beate Nes?

– Så langt som eg kan sjå i dag, ser eg føre meg at eg held fram å vere kateket. Så er eg samstundes glad for å få lov til å utvide litt. Eg har halde på med dette i 20 år og bygd meg meir og meir inn i gudstenestebiten av jobben, og då er det fint å få ei anerkjenning om at der ønskjer ein at eg skal vere.

Kaare Michael Christoffersen skal også gå inn og ha kyrkjelege handlingar i Utvik, ettersom Beate Nes har oppgåvene som kateket i tillegg.

Velkomen: Blomster og velkomsthelsing til Beate Nes, som ved sidan av å vere kateket no også skal utføre prestegjerning i Utvik. Her med Reidun Brynestad, Olden sokneråd, Leiv Tore Kårstad, Utvik sokneråd og Geir-Ståle Vatnamo, Innvik sokneråd. Foto: Gunnhild Sindre

Olden og Innvik

– De seier også «vikar» om deg, Kaare Michael Christoffersen, sjølv om du skal vere fungerande sokneprest for Olden og Innvik?

– Ja. Eg er førebels prestevikar. Frå neste haust byrjar eg på studiet igjen, og reknar med å gå inn i ei stilling som prest under utdanning.

– PUU-stilling, prest under utdanning, er noko som vart vedteke på kyrkjemøtet i år, forklarer prost Mari Saltkjel.

– Då har vi eit samarbeid opp mot ordinasjon. Då får han gå inn i fast stilling, dersom han ønskjer å vere her hos oss. Og det skal vi gjere alt vi kan for å få til. Han har blitt veldig godt motteken, og er veldig ønska!

Stor dag: Også sokneråda understreka at dette var ein stor dag for dei. Her får Kaare Michael Christoffersen blomster frå Reidun Brynestad, Olden sokneråd, Leiv Tore Kårstad, Utvik sokneråd og Geir-Ståle Vatnamo, Innvik sokneråd. Foto: Gunnhild Sindre

Unikt samarbeid

Beate Nes er tilsett av Stryn kyrkjelege fellesråd, Kaare Michael Christoffersen er tilsett av Bjørgvin bispedømeråd.

Olden: Innsetjingsgudstenesta fann stad i Olden kyrkje, der Christoffersen skal gjere teneste, i tillegg til i Innvik sokn. Beate Nes skal gjere teneste som prestevikar i Utvik sokn. Foto: Gunnhild Sindre

– Det vi gjer med Beate si rolle er bortimot eit pilotprosjekt, eg har ikkje høyrt om det før. Det handlar om godt samarbeid, godt samspel mellom fellesråd og bispedømeråd, kyrkjeverje og prost, oss som er i teneste og soknerådet, som også er med, og som ønskjer dette, seier prost Mari Saltkjel.

Pur glede: Pur glede å spore hos prost Mari Saltkjel (bak) kateket Beate Nes og prest Kaare Michael Christoffersen, her etter at dei to sistnemnde vart innsett til sine tenester i Olden kyrkje. Foto: Gunnhild Sindre

– Så det handlar om eit samspel på veldig mange nivå, og som vi er litt unike på. Det er eg veldig fornøgd med og stolt av.

Glad forsamling etter gudstenesta i Olden: Framme kateket Beate Nes, prost Mari Saltkjel, prest Kaare Michael Christoffersen, bak f.v. leiar for Stryn kyrkjelege fellesråd, Jostein By, Leiv Tore Kårstad, Utvik sokneråd, Reidun Brynestad, Olden sokneråd og Geir-Ståle Vatnamo, Innvik sokneråd og kyrkjeverje Kari Synnøve Muri. Foto: Gunnhild Sindre