Forelska i lærer’n var 40 år i 2020, og The Kids skulle ha 40 konsertar for å feire jubileet. Starten skulle vere i Stryn. Og så kom pandemien.

– Alt vart avlyst. Det var jo eit sjokk for oss i kulturbransjen. Vi tenkte jo ikkje at det skulle vare så lenge. Vi trudde det skulle bli knallhardt og gjekk fort over. Og så vart det knallhardt og gjekk aldri over …, seier Dag Ingebrigtsen til Fjordingen.

Sjølv har han nytta nedstenginga til å gå i studio og spele inn ny og annleis musikk, den eine låten med klaver og strykekvartett. Songar som har vorte godt mottekne. Det er jo det han helst vil, skape musikk. Men no kjenner han at det skal bli godt å kome ut og møte publikum også.

– Vi gler oss til å kome ut og rocke litt no! seier han.

Platina for streaming

Han er sjølv engasjert i fleire band, har stått på scena som skodespelar, og har såleis dagane fylt opp med kreativ aktivitet. No må The Kids-stoffet hentast fram igjen.

– The Kids vart oppløyst i 1982, og er såleis eit ikkje operativt band, ler han. – Men det var jo Torstein og eg som skreiv songane, og vi øver og førebur oss godt, så dette skal bli utruleg kjekt.

– Vil du værra med meg hjem, Forelska i lærer’n … Kan du love publikum at dei får desse godtbitane?

– Ja, ja, absolutt. Sjølvsagt. Veit du, no står eg på guterommet, eller «the man cave», og ser på veggen her. Her heng det platinatrofé for Forelska i lærer’n og Vil du værra med meg hjem frå no. For streaming. Dei har passert 7 millionar streamingar begge. Og dette er songar som selde til alt for LP, kassett og etter kvart CD. Desse songane lever sitt eige liv.

The Kids: The Kids med Dag Ingebrigtsen t.v. og Torstein Flakne i spissen kjem til Motorfestival Stryn. Det er grunn til å forvente høglydt allsong! Foto: Pressefoto

– Føler meg veldig heldig

Og liv blir det nok også når dei ljomar ut over Stryn sentrum under motorfestivalen.

– Eg føler meg veldig heldig som får kome til Stryn, seier Dag Ingebrigtsen.

– Kvar gong vi syng ein song der, så syng folk med. Og etterpå klappar dei, og vil ta selfie. Så eg føler meg veldig beæra og audmjuk som får oppleve dette. Det blir stas!

Ganske stort for tre «guta»

Love Don’t Bother Me, Still in Love, Soldier’s Gun, Love Cries … Stage Dolls har rocka seg fram i inn- og utland i tre tiår. No gler dei seg til Motorfestival.

I 2019 var det 30 år sidan Love Cries låg på dei amerikanske hitlistene. Han gjekk til nr. 46 på Billboard, og helt opp til topp tre på AOR Radio Chart.

– Vi må innrømme at det var ganske stort for tre «guta» frå Trøndelag å cruise nedover Freeway 101 mot Los Angeles og høyre Love Cries på radioen, seier Torstein Flakne til Fjordingen.

Stas: – Dette blir stas. Æ glær mæ! seier Torstein Flakne, her på Oktoberfest i Stryn i 2017. Foto: Gunnhild Sindre

Kjempestemning frå første tone

– No gler vi oss skikkeleg til å kome tilbake til Stryn, legg han til.

– Det var vel på Oktoberfest i 2017 vi spelte der sist, og det var heilt galskap. Kjempestemning frå første tone.

Stage Dolls: – Det var vel på Oktoberfest i 2017 vi spelte der sist, og det var heilt galskap. Kjempestemning frå første tone, seier vokalist Torstein Flakne (her med Terje Storli og Morgen Skogstad). Foto: Pressefoto

Torstein Flakne seier det denne gongen blir ekstra stas for han sjølv, fordi han har med seg sine gamle buddies i The Kids.

– Så denne kvelden satsar vi på å setje Norges-rekord i allsong. Vi kjem til å spele alle dei gamle, kjende songane til The Kids, og sjølvsagt trillar vi ut heile Stage Dolls-katalogen også. Så dette blir stas. Æ glær mæ!