Det er Lions Stryn som inviterer til andeslepp ved festivalslutt, etter paraden laurdag.

Her skal «ei vøle» med badeender sleppast ut i elva. Endene er nummererte, og alle som vil kan «kjøpe» seg ei and på førehand. Så startar racet. – Vi har andeslepp ved Gamlebrua, og så skal dei ha målgang ved Nyebrua, fortel Andreas Solvik frå Lions Club Stryn.

foto
Ei rastehytte blir gjeven vekk til dei som har den beste søknaden. Illustrasjonsfoto. Foto: Lions Stryn

Første and over målstreken vinn, og hovudpremien er på 10.000 kroner. Dessutan vil det vanke fleire andre premiar.

– Overskotet av andesleppet vil gå til å kjøpe ei flott, open rastehytte, laga av Per Hilde i Innvik. Fin å ha som samlingsplass eller rasteplass, fortel Solvik.

– Lag og organisasjonar kan sende søknad, og så vil dei som har den beste søknaden få hytta til odel og eige.