Den årlege jazzprisen på Kongsberg-festivalen er i år auka frå 100.000 til heile 300.000 kroner. Dermed dreiar det seg om den største jazzprisen i Norge rekna i kronebeløp. Det er også stor prestisje knytt til prisen Arve Henriksen (43) vart tildelt på den tradisjonsrike jazzfestivalen.
Trompetisten og komponisten frå Stryn er utanlands og var ikkje til stades under utdelinga. Til arrangørane av festivalen seier han:
- Dette var utruleg hyggjeleg og svært motiverande. Eg kjem stadig opp med musikalske idear og ikkje alltid er muleg å få realisert på grunn av økonomi. Prisen gjev mulegheiter til kreativitet og er veldig inspirande for meg.
Arve Henriksen er den 15. i rekkja som mottek den prestisjefylte prisen på jazzfestivalen på Kongsberg.