Fartsfilmen Børning 2 har norgespremiere i dag. Den norske filmen med bilscener frå Stryn får mange visningar på Stryn kino framover.

I vinter var nemleg heile filmcrewet blant anna i indre Nordfjord og på Sunnmøre, på jakt etter fartsfylte vegar med vinterføre.

– Variasjon er viktig. Kall dette eit friminutt, bak rattet i ein fantastisk Mustang 67-modell full av hestekrefter. I «Kongens nei» får eg stimulert historieinteressa mi, med «Børning» handlar det om å køyre bil, seier hovudrolle-innehavar Anders Baasmo Christiansen om filmen.

I oppfølgjarfilmen til Børning, handlar det om at Roy (Christiansen) slepp ut av fengsel etter å ha delteke i ulovleg gateløp. Han er konkurs, og prøvar å forbetre livet sitt. Han vil vere ein god rollemodell for dottera Nina, og startar i jobb på bensinstasjon. Når den gravide kjæresten hans arrangerer fest, prøvar gamle kameratar å få han med på nytt løp.

Løpet skal starte i Fosnavåg, og deretter gå gjennom Sverige og Finland til Murmansk. Då han finn ut at dottera skal vere med, må han også delta. Løpet blir vilt og vanskeleg; over fjell, glatte vegar og isete innsjøar. Det blir også ei jakt mellom bilane og politiet, som gjer alt dei kan for å stoppe løpet.