– Først var det ein draum, og no blir det ein realitet, strålar Ane Bergset Mandal i arrangementskomiteen.

– Eg trur det blir magisk med Odd i sitt rette element, mellom gardar og i naturen ved det fine vatnet. Eg trur mange vil få det med seg, og eg er ikkje bekymra for at det ikkje skal kome folk. Eg trur det blir kø frå Kvalen og inn, smiler Mandal, og antydar ca. 600 sitjeplassar i amfiet.

Konsert og bakst frå steinomnen

Kulturdagen på Ulvedal har blitt eit meir eller mindre fast innslag sommarstid, sidan den såg dagens lys på tidleg 2000-tal. Innhaldet har variert gjennom åras løp, med skodespel, konsertar, aktivitetar og konkurransar. Men i alle år har friluftsområdet ved Sagedammen vore utgangspunktet.

Når arrangøren vel å satse på ein artist av Nordstoga sitt kaliber, har dei også valt å konsentrere innsatsen om konserten.

– Ja, det blir berre konsert, for det vert meir enn nok arbeid med den, seier Mandal. Dei satsar likevel på å fyre opp steinomnen, og sal av bakst frå den. Eit alltid populært innslag.

– Typisk Nordsida

Bergset Mandal ser ikkje mørkt på å ta på seg eit så stort arrangement på ein så liten plass. Heller tvert imot.

– Vi er avslappa. Det hadde eg ikkje vore andre stader, men på Nordsida stiller folk opp og støttar kvarandre og eg er trygg på at det går fint, seier ho.

Det er Nordsida Utviklingslag som er formell arrangør og med seg i komiteen har Mandal Liv-Jorun Bergset, Ingrid Heieren Sølvberg, Maria Roset, Ruth-Maria Tøfte Heimlid, Agathe Bergset og Siri Ulvedal.

– Ruth Maria har hatt ein 20 år gammal draum om Odd Nordstoga ved Sagedammen. Og det er typisk Nordsida at ein drøymer stort og får det til, slår Mandal fast.

Idylliske Sagedammen. Foto: Roy Aron Brenvik Myklebust