– Med auka besøk og utlån, har vi eit stort behov for å få auka bemanninga på Stryn bibliotek, seier biblioteksjef Kristin Hatledal.
Som kombinasjonsbibliotek har ein no 1,3 stilling og 0,5 stilling knytt til Stryn vidaregåande skule.
– Vi er blant dei biblioteka i landet som har lågast bemanning i høve folketalet i kommunen. Så dette går utover aktiviteten og satsing på nye ting. Vi treng fleire folk om vi skal halde fram, seier Hatledal. I 2012 vart det lovfesta at alle bibliotek skulle drive med aktiv formidling, vere ein møtestad og ha fleire arrangement. For å følgje opp dette kravet, må ein også auke ressursane, meiner biblioteksjefen.
Auke i utlånet
Stryn bibliotek fekk ein kraftig auke på 23 prosent i samla utlån i fjor samanlikna med året før.
– Dette er veldig bra, synest ho.
Pila har peika jamt oppover dei siste fire åra, men frå 2014 til 2015 vart det brått eit stort hopp. Frå eit totalt utlån på 30.400 i 2014, til 37.613 i fjor. Men trass i auken, kom dei berre litt over gjennomsnittet for utlån i fylket i fjor.
Satsa på barn og unge
Det er spesielt barnebøkene som gjekk fram.
– Dette er ekstra kjekt sidan vi satsa spesielt på barn og unge i fjor, seier biblioteksjefen. I fjor fekk dei tak i midlar til å auke opp ei stilling til prosjektet "Tidlege bokormar i Stryn", der Marthe Holien Bø reiste rundt og las til born i barnehagar og skular i heile kommunen. Prosjektet fekk veldig gode tilbakemeldingar, men er no avslutta sidan dei avgrensa midlane i praksis har teke slutt.
Rekordstor aktivitet
I løpet av fjoråret vart det og ny rekord med 29 store og små arrangement. Alt frå forfattarkveld, boklanseringar, teaterframsyningar til morsmålsdag, lesestund og sommarlesfest.
– Dette er ny rekord for oss. I år blir det ikkje på langt nær like mange arrangement. Vi synest det er synd at vi ikkje kan oppretthalde dette nivået på grunn av for lite bemanning, meiner Kristin Hatledal.